Individuell læreplan

Individuell læreplan (ILP) er ein tilrettelagd læreplan for skuleelevar eller barnehagebarn som har rett til spesialundervising etter opplæringslova kapittel 5. Opplæringslova pålegg skulane og barnehagane å utarbeide ILP for mottakarar av spesialundervising.[1]

Ansvaret for utarbeiding av ILP ligg hjå rektor på skulen eller styrar i barnehagen. Planen kan vere omfattande og skal utarbeidast i samarbeid mellom skulen, føresette og eleven sjølv. Pedagogisk-psykologisk tenestekontor, spesialpedagog, rådgjevar og andre som følgjer eleven tett kan og bidra i utviklinga av planen. Den individuelle læreplanen skal stå i samsvar med skulen og klassen sine undervisingsplanar.

Stortingsmelding 14 (1997-98) knyter arbeidet med den individuelle læreplanen til foreldermedverknad i grunnskulen.

Utforming

endre

Det er utarbeidd ei rekkje malar og retningsliner for utarbeiding av individuell læreplan. Slike malar og retningslinjer vil styre arbeidet, og kan bidra til å kvalitetssikre produktet. Det kjem fram i opplæringslova at ein individuell læreplan skal innehalde mål for opplæringa, innhald i opplæringa og korleis opplæringa skal drivast.

I ei pedagogisk kartlegging av eleven bør det fokuserast på eleven sine sterke sider. føresetnadar og mogelegheit for læring. Det bør og komme fram etablerte kunnskapar og ferdigheiter. Dette gir eit utgangspunkt for val av område for utvikling og læring, og også for langsiktige mål.

I planen sine mål bør det spesifiserast ferdigheiter og arbeidsmetodar, samt fagleg, sosial og personleg utvikling. Planen kan delast i periodar, gjerne halvårsplanar med fokus på innhald, arbeidsmetode, lærestoff/læremiddel. Ein god plan inneheld og gjerne eit oversyn over korleis undervisinga skal organiserast, med tanke på kor mykje som skal vere gruppearbeid, individuelt arbeid eller klasseromsundervising. Bruk av spesialpedagogar, assistentar eller andre som eleven har individuelt vedtak på skal og beskrivast.

Evaluering

endre

Planen skal evaluerast kvart halvår. Det skal utarbeidd ein rapport med oversyn over den undervisina eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Rapporten må innehalde ei vurdering av måloppnåing og kva som skal endrast for å få ein stadig betre læresituasjon.

Føresette og eleven sjølv bør vere aktive deltakarar i ei slik evaluering.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. Opplæringslova ved lovdata.no