Ein læreplan er eit offisielt dokument som fortel noko om innhaldet, organiseringa, aktivitetane og timetalet i eit fag på grunnskulen eller i vidaregåande skule.

Føremål endre

Læreplanane utgjer eit viktig styringsinstrument for staten ved at ein set sterke føringar for kva som skal gå føre seg i skulen. I tillegg gir læreplanar rettleiing for lærarar. Læreplanane har òg den funksjonen at foreldre og samfunnet elles kan få informasjon om og få vurdert kva som går føre seg i dei ulike faga i skulen.

Struktur endre

Det nyaste læreplanverket for norsk skule, Kunnskapsløftet, er sett saman av fire delar.

  • Ein generell del som formulerer overordna mål for skulen og det verdigrunnlaget skulen skal byggje på.
  • Prinsipp for opplæringa der det vert tydeleggjort kva ansvar skuleeigarane har i høve til regelverk og prinsippet om tilpassa opplæring.
  • Fag- og timefordeling. For grunnskulen er fordelinga samla for barnetrinnet (1.-7. år) og for ungdomstrinnet (8.-10. trinn), medan fag- og timefordelinga er fastsett for kvart årssteg for vidaregåande opplæring. Skuleeigarane kan omdisponere inntil 25 prosent av timane i kvart fag.
  • Læreplanar for kvart einskild fag.

Læreplanar for fag endre

Læreplanane for kvart einskild fag gir etter Kunnskapsløftet opplysningar om føremål, hovudområde, timetal, grunnleggjande dugleikar, kompetansemål og vurdering.

Kompetansemåla for kvart fag er for grunnskulen sin del gitt etter 2. årssteg, etter 4. årssteg, etter 7. årssteg og etter 10. årssteg. For vidaregåande opplæring er det formulert kompetansemål for kvart årssteg.