Indre Osterfjorden

(Omdirigert frå Indre Osterfjord)

60°41′28.802″N 5°43′23.484″E / 60.69133389°N 5.72319000°E / 60.69133389; 5.72319000

Innløpet til Indre Osterfjorden. Vassneset ligg til høgre på bilete og i føregrunnen ligg Romarheimsfjorden.

Indre Osterfjorden er ein del av fjordsystemet rundt Osterøya, og ligg på nordsida av øya. Fjorden ligg i kommunane Osterøy og Vaksdal. Han strekkjer seg 7 km austover og skiftar namn til Eidsfjorden der fjorden snur nordaustover. Lengda av Indre Osterfjorden medrekna Eidsfjorden er 12 km. Om lag 2 km vest for innløpet til Eidsfjorden kjem Veafjorden opp frå sør.

Fjorden har innløp i vest ved Vassneset, det nordlegaste punktet på Osterøy, og går først søraustover til Grøssvikvågen, ein 1,5 km lang våg ved Grøssviki. Frå her svingar fjorden nordaustover og så søraustover igjen rundt Sverrestuven, ein ås på 298 moh. Aust for Sverrestuven stikk neset Klubben sørover i fjorden, og her kjem Veafjorden opp frå sør. Fjorden held fram austover, forbi Kallandsklubben i sør til Bylgjaneset og Hesjedalsfossen der Eidsfjorden held fram vidare nordaustover til Eidslandet.