Inga-Lill Sundset

norsk politikar

 

Inga-Lill Sundset (fødd 20. juli 1974) er ein norsk, samisk politikar som representerte ArbeidarpartietSametinget for perioden 2009-13.

Ved sametingsvalet 2009 var ho 3. kandidat på lista til Ap i valkrins 5.[1] Ho vart ikkje røysta inn på Sametinget for perioden 2009-13, men 25. februar 2010 vedtok Plenumsmøtet til sametinget at Sametingsrådets medlemmar skal tre ut av Plenumet til sametinget, og erstattast av varamedlemmene sine. Inga-Lill Sundset overtok då Vibeke Larsens plass som sametingrepresentant frå 1. mars 2010.[2]

På lokalt plan er ho styremedlem i Bodø AP. Ho er òg vararepresentant i Bodø bystyre.

Sundset er utdanna cand.mag, og arbeidar som rådgjevar i Nordland fylkeskommune.

Ho er sambuar og har to barn.

ReferansarEndra

  1. NRK.no – Sametingsvalget – Inga-Lill Sundset
  2. Finnmarken.no – Trer ut av Sametinget

Eksterne lenkjerEndra