Vibeke Larsen

norsk politikar

Vibeke Larsen (fødd 15. juni 1971) er ein norsk sametingspolitikar som var sametingspresident for Arbeidarpartiet i perioden 2016–2017. Sidan 2021 sit ho på Sametinget for Nordkalottfolket frå Vesthavet valkrins.

Vibeke Larsen

Fødd15. juni 1971 (52 år)
Vassdalen
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (januar 2017), Nordkalottfolket
Yrkepolitikar
Alle verv
  • sametingspresident (2016–2017)
  • sametingsrepresentant (2005–2009)
  • sametingsrepresentant (2009–2013)
  • sametingsrepresentant (2013–2017)
  • sametingsrepresentant (2021–Ukjent) Sjå dette på Wikidata

Larsen byrja i Arbeidarpartiet og var vararepresentant i sametingsperioden 2001–2005. Frå 2004 hadde ho fast plass i staden for Per Solli, og sat så som fast representant frå 2005 til 2017. Frå og med 26. september 2007 til 2013 sat ho i Sametingsrådet for Arbeidarpartiet.

I desember 2016 felte ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet, Árja og Høgre det sitjande sametingsrådet leia av Aili Keskitalo, og danna nytt sametingsråd med Larsen som sametingspresident.[1][2] I januar 2017 vart Ronny Wilhelmsen vald til presidentkandidat for Arbeidarpartiet før sametingsvalet 2017. I protest gjekk Larsen ut av partiet og avsette Wilhelmsen som visepresident.[3] Ho starta så partiet Šiella, som stilte til val i 2017 utan å få inn nokon representantar.[4][5] Larsen sat som president fram til valet i 2017.

Ho meldte seg seinare inn i Nordkalottfolket, og vart vald inn på Sametinget for dei i perioden 2021–2025.

Larsen er busett på Bjerkvik i Narvik kommune i Nordland fylke.

Bakgrunnsstoff endre

  1. «Maktskifte på Sametinget - Keskitalo måtte gå», www.highnorthnews.com (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2021 
  2. Gaup, Berit Solveig (8. desember 2016), «AP-Vibeke klar for å ta over Sametinget», NRK (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2021 
  3. Verstad, Anders Boine (29. januar 2017), «Vibeke snur: Blir sittende som president, men sparker visepresidenten», NRK (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2021 
  4. Verstad, Anders Boine (11. februar 2017), «Vibeke Larsens nye valgliste: Šiella», NRK (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2021 
  5. «Valgresultat – Sametingsval – 2017», valgresultat.no, henta 1. november 2021 
  Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.