Ingar Kiplesund
Ingar Kiplesund (fødd 17. november 1996) er ein norsk friidrettsutøvar frå Trondheim som tevlar i lengde- og tresteghopp. Han er sidan 2019 norsk rekordhaldar i lengdehopp med 8,10 meter. Kiplesund er medlem i Trondheim Friidrett.
Ingar Kiplesund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. november 1996 (27 år) |
Idrett | friidrett |
Kiplesund sette ny norsk rekord med 8,10 meter då han 17. august 2019 vart andremann i ei lengdetevling i Sierra Nevada i Spania. Med dette hoppet sletta han den 46 år gamle norgesrekorden til Kristen Fløgstad på 8,02 m, den elste noregsrekorden i friidrett. Sitt personbeste tresteghopp presterte Kiplesund då han med 15,41 meter fekk sølv i øvinga under NM 2019.
Kiplesund vart noregsmeister i lengdehopp i 2016 og 2019, i 2018 sikra han seg NM-gullet i trestegtevlinga.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ingar Kiplesund» frå Wikipedia på bokmål, den 12. september 2020.
Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.