Inge Einarsen Bartnes

norsk politikar

Inge Einarsen Bartnes (22. september 191116. januar 1988) var ein gardbrukar og politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag. Han var stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag i tida 1954-73, vald for Senterpartiet. Lars Petter Bartnes er soneson hans.

Inge Einarsen Bartnes
Fødd 22. september 1911
Beitstad
Død

16. januar 1988 (76 år)
Beitstad

Yrke politikar, bonde

Bartnes gjekk 1928/29 Torhus folkehøgskole og 1930-32 Mære landbruksskole. Han var også på studiereiser til Sør-Amerika, Australia, Japan og Canada.

Frå 1935 til -43 var Bartnes forretningsførar i Beitstad telefonsamlag, og åra 1939-41 tilsett ved Beitstad heradskontor. Han overtok i 1942 farsgarden Øvre Beitstad og dreiv denne til 1971. Elles var han forretningsførar 1941-54 i Beitstad branntrygdelag.

Bartnes var medlem av Beitstad formannskap 1945–47 og varaordførar 1947–54. Nær samtidig skjøtta han arbeidet som fylkessekretær i Nord-Trøndelag Bondeparti. Frå 1946 til -73 var han sentralstyremedlem i Bondepartiet/Senterpartiet, og i partiet sitt forsvarsutval perioden 1964–1973. Bartnes representerte Nord-Trøndelag på Stortinget i fem etterfølgjande periodar frå nyår 1954. I den fyrste fireårsbolken hadde han sete i Protokollkomiteen, frå 1958 til han forlet Tinget i 1973 var han med i Militærkomiteen/Forsvarskomiteen, som sekretær 1958-65 og 1969-73.

Gjennom åra hadde Bartnes ei mengd styreverv. Mellom anna var han styreformann 1951-57 i Trønderavisa og 1968-83 i Statens Kornforretning.

Bartnes vart i 1982 tildelt St. Olavs Orden for sitt samfunnsengasjement.

KjelderEndra