Opna hovudmenyen

Beitstad er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag fylke, oppretta som Beitstad formannskapsdistrikt i 1837. Beitstad er i dag eit prestegjeld og sokn i Nord-Innherad prosti i Nidaros bispedømme.

1. januar 1904 vart Namdalseid skild ut frå Beitstad som eigen kommune. Beitstad hadde då 2 946 innbyggjarar. Vidare vart Malm utskild frå Beitstad som eigen kommune 1. juli 1913. Innbyggjartalet i Beitstad vart no 1 934.

1. januar 1964 vart Steinkjer storkommune danna ved samanslåing av Beitstad, Egge, Kvam, Ogndal, Sparbu, Steinkjer og Stod. Beitstad hadde ved samanslåinga 2 563 innbyggjarar.

Beitstad prestegjeldEndra

Beitstad prestegjeld femner Beitstad sokn i Steinkjer kommune, og Namdalseid sokn i Namdalseid kommune. Fram til 1913 heitte Beitstad sokn Solberg, og Namdalseid sokn heitte frå 1853 til 1894 Ås sokn, medan det før 1853 heitte Eid sokn. Malm sokn høyrde til under Beitstad prestegjeld til 1966 då soknet vart skild ut og overførd til det nye Verran prestegjeld saman med Verran sokn, som tidlegare hadde lege under Ytterøy prestegjeld.

Kyrkjer i Beitstad prestegjeldEndra

Beitstad soknEndra

(tidlegare kalla Solberg sokn)

Namdalseid soknEndra

(tidlegare kalla Eid sokn og Ås sokn)

Tidlegare kyrkjer i Beitstad prestegjeldEndra

Kyrkjer som er overførde til andre prestegjeldEndra

KjelderEndra