Ingeborg Sundrehagen Raustøl
norsk skodespelar
Ingeborg Sundrehagen Raustøl (fødd 22. august 1979) er ein norsk skodespelar, oppvaksen i Prinsdal på Nordstrand i Oslo. Ho var tidlegare programleiar saman med Bowler, Jørn Kolsrud, i Kykelikokos på NRK, og sidan 2004 har ho vore ein av hovudpersonane i Hotel Cæsar på TV 2. Ho har også spelt ei hovudrolle i musikalen Buddy Holly. No er ho aktuell som stemme til Zoe, i det norskproduserte spelet Drømmefall: Den Lengste Reisen. Ho var dessutan med på Melodi Grand Prix 2011 som kordame.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ingeborg Sundrehagen Raustøl» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2010.