Ingjerd

kvinnenamn

Ingjerd er eit norsk kvinnenamn avleidd frå det norrøne Ingigerðr, som er danna av orda ingwia, 'vigd til Ing', og gerðr, 'inngjerding, vern'. Nærskylde former er Ingegerd, Ingegjerd og Inger.

Ingjerd har namnedag den 26. februar.

Namnet har vore brukt i Noreg på heile 1900-talet med ein topp på andre halvdel av 1940-talet, då over 0,16%  av nyfødde jenter kunne få namnet. I 2009 var det 1 374 norske kvinner som heitte Ingjerd. Namnet er svært sjeldan utanfor Noreg.

Namneberarar endre

Kjelder endre