Ingrid Syrstad Engen

Ingrid Syrstad Engen (fødd 29. april 1998) er ein norsk fotballspelar frå Melhus, som spelar for FC Barcelona og det norske landslaget.

Ingrid Syrstad Engen
Personleg informasjon
Fødd 29. april 1998
Fødestad Melhus kommune
Posisjon Midtbanespelar
Nummer 23
Ungdomsklubbar
0 Melhus
0 Gimse
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2014–2017 Trondheims-Ørn 62 (2)
2018 LSK Kvinner 22 (2)
2019–2021 Wolfsburg 42 (5)
2019LSK Kvinner (lån) 9 (2)
2021– Barcelona 23 (2)
Landslag
2013–2014 Noreg J16 7 (1)
2014–2015 Noreg J17 10 (0)
2015–2017 Noreg J19 24 (1)
2017 Noreg U23 4 (0)
2018– Noreg 49 (6)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. juli 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. juli 2022

Landslagskarriere endre

Syrstad Engen har landslagskampar for J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Hennar fyrste A-landskamp kom i februar 2018, då Norge tapte 3-4 for Australia i Algarve Cup 2018.[1] To dager seinare scora ho sitt fyrste mål for A-landslaget, då hun scora mot Kina i same turnering. Ho utmerka seg fort på A-landslaget og landslagssjef Martin Sjögren uttala at ho allereie var ein spelar av internasjonal klasse etter sine fyrste samlingar.[2]

Syrstad Engen scora i kvalifiseringa til VM 2019, i kampen mot Nederland, og bidrog dimed til at Noreg vann kvalifiseringsgruppe 3 og var direkte kvalifisert til VM. Ho var i den norske troppen til VM i Frankrike 2019, og scora eit av måla i straffesparkkonkurransen mot Australia i 16-delsfinalen der Norge gjekk vidare. Noreg tapte derimot kvartfinalen mot England. Ho var med å vinne Algarve Cup 2019, etter å ha vunne 3-0 over Polen i finalen.

Syrstad Engen vart teken ut i den norske troppen til EM i England 2022.[3]

Kjelder endre

  1. Norges fotballforbund - Kampreferat av Australia - Norge - 28.02.2018 18.30, besøkt 31. august 2020.
  2. «Sjefen om den nye landslagskometen: – Förbaskat god». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 14. februar 2022. 
  3. AS, TV 2 (7. juni 2022). «Dette er Norges tropp til EM - går for medalje». TV 2 (på norsk). Henta 3. juli 2022. 
  Denne fotballartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.