Ingvald Aarstad
Norsk politikar
Tønnes Ingvald Tønnesson Aarstad (27. oktober 1853–23. februar 1938) var ein norsk telegrafist og stortingsmann frå Eigersund for partiet Høgre.
Ingvald Aarstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. oktober 1853 |
Død |
23. februar 1938 (84 år) |
Aarstad var son til ein gardbrukar. Han tok telegrafisteksamen i Stavanger i 1872 og offiser-eksamen i 1874. Frå 1873 var han telegrafist i Eigersund, der han var telegrafstyrar frå 1898. I 1906 fekk han tilsvarande stilling i Drammen.
Aarstad tok i 1878 initiativet til stiftinga av Egersund skog- og treplantingsselskap og var formann heile vegen til han flytta frå staden i 1906. Periodane 1886-94 og 1897-1906 var Aarstad medlem i Eigersund heradsstyre. Han var stortingsrepresentant frå Stavanger amt 1900-03 og 1903-06, alle åra var han medlem i Jarnbanekomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914