Ingvald Raknem (31. august 191025. mars 1980) var ein norsk filolog som var professor i engelsk ved dåverande Norges lærerhøgskole i Trondheim, i dag NTNU. Han var ein av dei fremste norske kjennarane av Jeanne d'Arc.

Ingvald Raknem
Fødd31. august 1910
Død25. mars 1980
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, skribent

Bakgrunn

endre

Ingvald Raknem vart fødd i Måndalen i Rauma kommune. Han vart cand. philol. 1941 og Ph.d. 1955 frå dåverande Birkbeck College i dag Birkbeck, University of London.[1] Doktorgradsavhandlinga hadde tittelen H. G. Wells' Fiction from 1887 to 1920 in the Light of the Literary Criticism of His Age.[2]

Under krigen var han motstandsmann og var medlem av den militære etterretningsorganisasjonen XU i Romsdal.[3]

Stillingar og verv

endre

Raknem var styremedlem i NRK 1964-1970 og medlem av Norsk språkråd 1952-1958 og 1968-1970. Han var aktiv målmann og var formann i Romsdal mållag, Nidaros mållag og Trønderlaget.

Ingvald Raknem var redaktør for Årbok for Trøndelag, 1967-1972 utgitt av Trønderlaget i Trondheim.

Utgjevingar

endre
  • H.G. Wells and His Critics (Universitetsforlaget, 1962)
  • Joan of Arc in History, Legend and Literature (Oxford Univ Press, 1971) ISBN 8200022471 (82-00-02247-1)
  • Hesten i folketru og dikting (Noregs Boklag, 1974) ISBN 8252200990 (82-522-0099-0)

Referansar

endre