Ingvard Sverdrup

norsk politikar

Ingvard Christian Berner Sverdrup (24. september 19369. mars 1997) var ein norsk bokhandlar og Høgre-politikar frå Kristiansund.

Ingvard Sverdrup
Fødd 24. september 1936
Kristiansund
Død

9. mars 1997 (60 år)

Yrke politikar, disponent, bokhandler, bokhandler

Etter studiar var Sverdrup tilsett i familiefirmaet Sverdrups Bokhandel A/S frå 1959 til han døydde. Frå 1969 var han disponent for firmaet. Sverdrup var elles formann i forstandarskapet til Nordmøre Sparebanks 1978-83 og styreformann i Midtnorske Baseservice A/S 1993-96.

Sverdrup hadde ei rad sentrale verv i Unge Høgre og i Møre og Romsdal Høgre tida frå 1959 til 1983. Perioden 1969-78 var han medlem av sentralstyret i Høgre. Fireårsperioden 1980-83 var han fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal. Hausten 1985 vart Sverdrup vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal for Høgre, og vart attvald i 1989. Han var i den fyrste fireårsbolken medlem av kommunal- og miljøvernkomitén, i den andre var han medlem av samferdselskomitéen. Samstundes var han 1989-93 visepresident i Stortinget.

KjelderEndra