Initials B.B.
Studioalbum av Serge Gainsbourg
Språk engelsk
Utgjeve 1968
Sjanger Rock, pop, easy listening
Lengd 31:35
Selskap Mercury
Produsent Claude Dejacques
Serge Gainsbourg-kronologi 
Anna
(1967)
Initials B.B. Bonnie and Clyde
(1968)


Initials B.B. er eit album av den franske artisten Serge Gainsbourg frå 1968. Brigitte Bardot medverkar på fleire av songane, og initialane som tittelen på albumet viser til er òg hennar.

Initials B.B. inneheld mange popsongar, ein stil han hadde nærma seg på det førre albumet Anna frå 1967, og Gainsbourg viser her stor interesse for amerikansk popkultur i songar som «Comic Strip» og «Ford Mustang». Gainsbourg var kanskje den einaste musikkartisten med utspring på 1950-talet som heilhjarta klarte å flytte seg over i 60-talsrock. «Bloody Jack» har t.d. spor av The Who, medan «Marilu» er ein referanse til doo-wop-musikken til The Beach Boys.

Dei mest kjende songane på albumet er truleg tittelsporet og «Bonnie and Clyde». Songen «Initials B.B.» opnar med popinfluert og fengande piano og funky bass og inneheld Gainsbourg si typiske «snakkesynging» med Bardot på refrenget. «Bonnie and Clyde» opnar kanskje enno meir karakteristisk med strykarar som spelar dei same to notane gjennom heile songen, nokre høge hyl, som òg går gjennom heile songen, og funky bass. Songen er forholdsvis monoton og fortel historia om Bonnie og Clyde, som ein duett mellom Gainsbourg og Bardot.

Innhald endre

Alle songar er skriven av Serge Gainsbourg.

  1. «Initials B.B.» - 3:37
  2. «Comic Strip» - 2:14
  3. «Bloody Jack» - 2:07
  4. «Docteur Jekyll and Mister Hyde» - 01:59
  5. «Torrey Canyon» - 2:46
  6. «Shu ba du ba loo ba» - 2:09
  7. «Ford Mustang» - 2:43
  8. «Bonnie and Clyde» - 04:19
  9. «Black and White» - 2:12
  10. «Qui est «in» qui est «out»» - 2:16
  11. «Hold-up» - 2:39
  12. «Marilu» - 2:37