Innervisten
65°38′55″N 12°40′17″E / 65.64861°N 12.67139°E Innervisten er den indre delen av fjorden Visten i Vevelstad kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg austover til Austerfjord lengst aust, men har ein avstikkar sørover til Lakselvvatnet i botn av fjorden, som ligg 8 km frå starten av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Urdvika i sør og Nova i nord. Like ved den veglause grenda Ausa. Innover i fjorden ligg det fleire isolerte gardar og grender, som Bønråa på nordsida og Aursletta på sørsida. Ved Aurlsetta går Nedre Straumen sørover til botn av fjorden og Storstraumen like ved Lakselvvatnet.