Innhavet på Gozo

Innhavet, stundom kalla Qawramaltesisk, er ein lagune på øya Gozo i Middelhavet. Opninga ut mot havet er berre ein smal naturleg boge.

Innhavet på Gozo den 28. mai 2002

Han vart naturleg danna der ei forkasting i kalksteinen hadde danna ei havgrotte der taket seinare kollapsa.

På eine sida av lagunen er det steinstrand med fleire fiskarhytter. Båtane er ofte trekt opp på stranda. Botn av lagunen består stort sett av grus og småstein og er opp til 35 meter djup. Jacques Cousteau sa at Innhavet på Gozo var av hans ti favorittdykkestader.

Innhavet på Gozo i februar 2007

På rolege dagar kan fiskebåtane, kalla luzzijiet på maltesisk, gå gjennom opninga. Stundom kjem det òg båtar med turistar gjennom bogen på veg til Fungus Rock og ein annan stor naturleg boge i nærleiken kalla Asurvindauget.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre