Lagune (frå latin lacuna, ope område, fordjuping, italiensk og spansk laguna) er grunne bukter eller strandsjøar som er blitt avstengt frå havet geologisk ved smale landtunger, gjerne av lausmassar eller sand, gjerne ved langgrunne kystar eller ved elvedelta som til dømes Nildeltaet og Po-deltaet, eller av korallar som då vert kalla atollar.[1] Ved ein flat havkyst bygd opp av lausmassar vil bølgjene kunne bygge opp avlange barriereøyar og det vert danna lagunar bakom. Strandvollar kan òg ved innsøkking av kysten danna lagunar når sjøen trenger gjennom og fyllar det lågareliggande strandområdet innanfor.[1]

Kara bogaz gol er ein lagune ved Kaspihavet i Turkmenistan.

Langs sørkysten av Austersjøen vert lagunar kalla haff,[1] og her finn ein Wisłalagunen og Den kuriske bukta, der høvesvis Wisła og Nemunas renn ut. Andre døme er lagunane ved Venezia, austkysten av Nord-Amerika frå New York til Florida og vestkysten av Spitsbergen.[1] Lagunar som er skapt av elvedelta vil etter kvart bli fylt av sand og slam frå elva og vil gå over til å bli eit lågt og flatt landområde med fleire elveløp gjennom, slik som ved utløpet av Mississippielva ved New Orleans.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «lagune». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lagune