Interkontinentalt ballistisk missil

Interkontinentalt ballistisk missil eller ICBM er ein type missil med redusert styresystem. Når eit ballistisk missil har forbrent drivstoffet sitt, følgjer det ei viss kurve, til forskjell frå eit kryssarmissil som kan styrast til målet det er låst mot.

Det interkontinentale ballistiske missilet Trident vert skote opp frå ein britisk undervassbåt.

Eit ICBM er kort sagt ein rakett som kan ladast med eksplosiv eller atomstridshovud og sendast mot strategiske mål over store avstandar (20 000 km eller meir). Det første militært effektive ballistiske rakettmissilet var tyske V-2, som vart utvikla under andre verdskrigen. Seinare ICBM som Atlas og Titan har blitt nytta i bemanna og ubemanna romferder. Atlas vart til dømes nytta i mange av oppskytingane i Mercury-programmet.

Sjå òg endre