Internasjonal dag mot homofobi
Internasjonal dag mot homofobi er ein dag arrangert til støtte for homo-, bi- og transseksuelle og for å kjempa mot reglar og haldningar som er imot dei. Han blir feira den 17. mai kvart år, første gong i 2005.
Det er meininga at dagen skal gjera dei som arbeider for desse gruppene synlege, og stimulera til samfunnsdebatt.
Det var franske Louis-George Tin som tok initiativ til dagen, som blir støtta av den internasjonale organisasjonen for lesbiske og homofile (International Lesbian and Gay Association, ILGA). Over 40 land skal observera dagen denne første gongen.
Den første feiringa var femten år etter at Verdas helseorganisasjon strauk homoseksualitet frå lista si over sinnslidingar, og gjorde slutt på over eit århundre med medisinsk homofobi.
Ho hende òg eitt år etter at den amerikanske delstaten Massachusetts gav homofile lov til å gifta seg på lik linje med heterofile.