Internasjonal lufthamn

Ei internasjonal lufthamn er ei særskild lufthamn der fly til og frå andre land kan lande og ta av. Slike lufthamner er vanlegvis store, og har lange rullebaner for å betene store fly som vert brukt i internasjonal eller interkontinental flyvning. Internasjonale lufthamner tek normalt imot innenrikstrafikk i tillegg til internasjonal trafikk.

Flyfoto av George Bush interkontinentale lufthamn, ei internasjonal lufthamn i Houston i USA.

Ved internasjonale lufthamner har toll- og immigrasjonsmyndigheitane stasjonert personell for å kontrollere reisepapirane til utlendingar, bagasjen til passasjerane og lasta til flyane.

I nokre tilfelle kan passasjerar og fly klarerast gjennom toll og immigrasjon ved avreiseflyplassen. Dette er tilfelle ved fleire lufthamner i Canada, der USA har utstasjonert toll- og immigrasjonsbetenter slik at flyvninger kan førehandsklarerast og dimed lande på ikkje-internasjonale lufthamner i USA.

KjelderEndra