International Baccalaureate Diploma Programme

International Baccalaureate Diploma Programme (IBDP) er eit program for vidaregåande utdanning som tek sikte på å tilby unge menneske over heile verda ei internasjonalt orientert, holistisk og akademisk krevjande førebuing til universitetsstudium. Programmet er utforma av International Baccalaureate Organisation, som held til i Geneve i Sveits og har kontor over heile verda, og var meint som eit alternativ til dei nasjonale studieførebuande programma for «internasjonalt mobile» familiar. I Noreg vert programmet tilbydd ved skular over heile landet, og erstattar dei to siste åra (Vg2 og Vg3) av det studieførebuande utdanningsløpet. Universitet over heile verda anerkjenner programmet og oppgjev ofte inntakskrav i IB-poeng. Ein kan ta programmet på engelsk, spansk eller fransk, som vil seia at ein har alle faga med unnatak for morsmåls- og framandspråksfag på eitt av desse språka.

IB sin logo

Krav og innhald endre

Elevar som ynskjer å gå dette utdanningsløpet må ta seks fag over to år, ta eit epistemologisk fag, «Theory of Knowledge» (kunnskapslære), og skriva ein stil på maksimum 4000 ord, «Extended Essay», om eit tema innanfor eitt fagområde som vert dekt av IB-programmet.

Fag endre

Kvart av dei fem fyrste faga må vera innanfor fagområda morsmålsspråk ([i]A1-språk[/i]), framandspråk ([i]A2-[/i] eller [i]B-[/i]språk avhengig av kor godt ein meistrar framandspråket/framandspråka ein vil ta), samfunnsvitskap («individ i samfunn»), som inkluderer fag som historie, geografi, psykologi, samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi, realfag, som til dømes fysikk, kjemi og biologi, og matematikk, som finst i tre nivå som er tilpassa elevar med ulik grad av interesser og evner innanfor matematikk. Det sjette faget kan ein velja fritt frå dei obligatoriske faggruppene, eller velja eit meir kunstnarleg fag, så som musikk-, kunst- og teaterfag. Minst tre av faga må vera på «higher level», som vil seia at dei skal ha fem veketimar og dekkja faget grundigare enn elles, og dei andre tek ein på «standard level», som inneber at ein får tre veketimar undervising og ei grunnleggjande innføring i faget. Legg merke til at dette berre er prinsippet bak denne inndelinga, og at mange skular til dømes vel å gje seks veketimar undervising i fag på «higher level» og fire veketimar på «standard level», samt at somme fag på «standard level» òg kan vera krevjande; eit døme er matematikk, som har ord på seg for å vera eit særs krevjande fag som minst ligg på nivå med dei tilsvarande matematikkfaga matematikk R1 og R2 i det norske systemet. Eit døme på korleis ein person som interesserer seg for språk- og samfunnsfag kan tenkja seg å vilja kombinera fag ser slik ut:

- Norsk A1-språk på «higher level» - Engelsk A2-språk på «higher level» - Historie med særleg vekt på Aust-Asia på «higher level» - Fysikk på «standard level» - Matematikk på «standard level» - Japansk B-språk på «standard level»

Eit anna og meir realfagssentrert døme er dette:

- Tysk A1-språk på «standard level» - Fransk B-språk på «standard level» - Psykologi på «standard level» - Fysikk på «higher level» - Matematikk på «higher level» - Kjemi på «higher level»

Vurdering og karakterar endre

Karakterane i IB-programmet går frå 1 (veldig dårleg) til 7 (utmerkt). Vurderinga i programmet består av innleveringar og laboratorieforsøk som vert vurderte av lærarane på skulen, «internal assessment», og eksamenar som vert vurderte av tilfeldig tildelte og anonyme sensorar. Elevar som tek diplomprogrammet har eksamenar i alle faga, som regel to i «standard level»-fag og tre i real-, språk- og «higher level»-fag. Desse eksamenane føregår mellom byrjinga og midten av mai på nordkula og i november på sørkula, og er delte inn i tre tidssoner for å syrgja for at det ikkje er høve for å spreia innhaldet i eksamenane etter at dei er tekne.

Ein eksamen kan vara frå tre kvarter (for fleirvalsdelen av realfagseksamenar) til to og ein halv time (for del tre av historieeksamenen på «higher level»). Dei ulike eksamenane i einskildfaga er vekta etter kor mykje dei fortel om eleven sin kunnskap, og tilfredsstillingsprosenten for kvar del vert vekta, lagd saman med dei andre og gjev den endelege prosenten. Denne vert så samanlikna med ein poengstige frå 1 til 100 som fastset kva karakter eleven har rett på i det aktuelle faget. Karakterkrava i dei ulike faga er normalfordelte, som i praksis vil seia at elevane konkurrerer med kvarandre, og at grensene for å få dei ulike karakterane fluktuerer frå år til år etter kor godt alle elevane gjer det. Såleis er til dømes poenggrensa for karakteren 7 i eit fag som historie på 69 %, medan ho ligg på 82 % i engelsk A2-språk.

«Extended Essay» og «Theory of Knowledge» vert vurderte på ein bokstavskala frå A (best) til F (strykkarakter), og ved hjelp av ei matrise vert ein poengsum frå 0 til 3 fastsett ut frå kva karakter ein elev har fått på desse elementa. Ein elev som har skrive eit «Extended Essay» vurdert til A og har karakteren B i «Theory of Knowledge», vil til dømes få 3 poeng.

Karakterane for kvart einskilt fag og poengsummen for «Extended Essay» og «Theory of Knowledge» vert lagde saman, og dette gjev ein poengsum utav 45 poeng. Ein må oppfylla visse kriterium for å få utdelt diplomet; desse inkluderer at ein ikkje kan få mindre enn 24 poeng totalt, at ein ikkje kan få mindre enn karakteren 3 på «higher level»-fag, og at ein ikkje kan ha karakteren 1 i noko fag.

Bakgrunnsstoff endre