International Campaign to Abolish Nuclear Weapons
The International Campaign to Abolish Nuclear Weapons, (ICAN) er ein global kampanje som arbeider for å mobilisere folk i alle land til å inspirere, overtale og presse regjeringane til å støtte forhandlingar om ein traktat som forbyr kjernefysiske våpen. Ein slik traktat mot atomvåpen vart vedteke av eit stor fleirtal av medlemsnasjonane i Dei sameinte nasjonane 7. juli 2017. Noreg og andre medlemsnasjonar i NATO var av dei som røysta mot denne traktaten.
International Campaign to Abolish Nuclear Weapons | |||
| |||
Skipa | april 2007 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Genève | ||
Omsetjing | 1 205 427 euro (2019) | ||
Nettstad | http://www.icanw.org |
Nobels fredspris
2017
ICAN vart skipa i 2007 og har meir enn 270 partnerorganisasjonar i 60 land. Hovudkontoret ligg i Genève i Sveits.
I 2017 vann kampanjen Nobels fredspris for «sitt arbeid med å påpeke de katastrofale humanitære konsekvensene av enhver bruk av atomvåpen og for sin banebrytende innsats for å få til et traktatfestet forbud mot slike våpen».[1]
Kjelder
endre- ↑ «Nobels Fredspris 2017». Nobelprize.org. Henta 6. oktober 2017.