Intimasjon, av latin intimare, av intimatio 'forkynning', er innan rettsspråket og det religiøse språket ei, delvis forelda, nemning for den innleiande talen.

I gudstenesta i Den norske kyrkja har intimasjonen i følgje altarboka plass etter inngangssalmen. Han skal innleiast med orda «Kjære kyrkjelyd. Nåde vere med dykk...» eller «I namnet åt Faderen og sonen og Den Heilage Anden». Etter innleiingsorda kan liturgen seie noko om dagens karakter og om gudstenesta som følgjer.

Kjelder endre