Ein liturg (frå gresk, 'offentleg tenar') er ein prest eller ein annan person som med kyrkjeleg fullmakt forrettar altartenste ved ei gudsteneste.

I den norske kyrkja ber presten som liturg alba og stola. Tidlegare bruka presten samarie og messeskjorte, og dei som har bruka slik liturgisk drakt kan halde fram med å bruke den. Når han forettar nattverd, brukar han messehakel utanpå prestekjolen.

Liturgen står vend mot altaret under bønene og mot kyrkjerommet når han talar til kyrkjelyden. Under syndsvedkjenninga kneler han ved altaret.