Virvellause dyr
Virvellause dyr, ryggradslause dyr eller evertebratar er dyr utan ryggrad, det vil seie alle dyr som ikkje høyrer til virveldyra. Dette omfattar 97 % av alle beskrivne dyreartar, m.a. insekt, krepsdyr, sniglar og manetar. Omgrepet er parafyletisk og strengt usystematisk etter moderne biologisk systematikk, men det er framleis i bruk av praktiske årsaker.
Virvellause dyr | |
Biller er den største einskildgruppa virvellause dyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
(Urangert): | Virvellause dyr Invertebrata |
Omgrepet vart først lansert av Jean-Baptiste Lamarck, som var ein av dei første viktige systematikarane innanfor dei virvellause dyra. Før han hadde Carl von Linné plassert alle evertebratar i kategoriane Insecta og Vermes, eit system som i ettertid har vorte forandra til det ugjenkjennelege basert på evolusjonistisk systematikk. I dag kjenner me rundt 36 biologiske rekker virvellause dyr.