Ironi er ei tilsikta uoppriktig språkleg ytring. Det må vere mogleg å forstå at den som ytrar seg, ikkje er oppriktig, for at ironien skal oppfattast.

Ironi er ein av i alt fire måtar vi menneske kan kommunisere mellom linjene på, altså underforstått, ifølgje den britiske språkforskaren Herbert Paul Grice. I vanleg samtale gjeld konversasjonsnormer som alle menneske naturleg aksepterer. Ei av desse normene er at vi er oppriktige, altså at vi seier det vi meiner.

Men når avsendar bryt denne norma med vilje, ved å seie noko som den gaumsame mottakaren forstår at avsendar truleg ikkje kan meine, då forstår mottakaren at avsendar eigentleg meiner noko anna. Kva dette andre er, kan vere meir eller mindre uklårt, og det er noko av siktemålet med ironi. Avsendar slepp nemleg å stå for det han har sagt. Ironi kan gjere mottakaren usikker på kva avsendaren eigentleg ønskjer å formidle. Ironi kan nyttast til å ufarleggjere vanskelege samtaleemne, avsløre falske autoritetar og skape kjenslemessig distanse i høve til den ein samtalar med eller det ein samtalar om.

Døme på ironi: endre

  • «Så fint vêr det er i dag» (sagt medan det striregnar og blæs)
  • «Takk skal du ha!» (sagt i ei fornærma, uvenleg tone)
  • «Eg er så glad for at fjernsynet sender fotball heile tida.» (sagt av ein som er kjend for å vere totalt uinteressert i fotball)
  • «Eg har aldri vore i så dårlig humør.» (sagt av ein nordlending som vart redda frå drukningsdøden etter å ha kjempa for livet i sjøen i halvtanna døgn, då han vart spurd om kva han følte då han låg der og kava i bølgjene.)

Det siste er eit døme på avansert ironi. Felles for alle døma er at det er noko med avsendaren, situasjonen eller måten bodskapen blir sagt på, som får mottakaren til å forstå at bodskapen ikkje kan vere bokstaveleg meint, fordi avsendar ikkje er oppriktig.

Kjelder endre

snl.no

Litteratur endre