Isøks er ein reiskap nytta til klatring og turgåing. Reiskapen minnar om ein hammar med eit bøygd metallhovud som har små mothaker. Gjennom dei siste 200 åra har øksa utvikla seg frå å vere ein del av tidlegare tider sitt turutstyr i høgfjellet til å bli teknisk avanserte og svært lette. Dei første øksene var laga av eit treskaft med eit hovud av jarn på toppen. Tradisjonelt var lengda ofte to tredjedeler av klatraren.

Klatreøks
Breøks
Brukg av isøkser.

Øksene vert i dag som regel laga av aluminium, nokre til og med av karbonkompositt. Lengda har krympa til mellom 50–80 cm og bruksområda har vorte mykje utvida.

Vanlege isøkser kan delast i to hovudkategoriar:

  1. Alpinøkser som vert brukte til brevandring og lettare bestigingar av fjell og toppar.
  2. Reine klatreøkser som vert brukte til isklatring og blanda klatring. Desse er ofte kortare og med meir vinkla blad.

Stropp endre

Før var det vanleg å vere festa til klatreøksene med ei slynge frå klatreselen til kvar øks. Dette for å avlaste armane når ein skulle sette inn isskruar eller var sliten. Dette vart populært kalla «pysestroppa». Dei siste åra har ein gått bort frå stroppa og brukar stort sett reimar som er festa rundt handleddet og går til eit feste i toppen av øksa.

Det er også idag vanleg mellom dei mest drivne å klatre «leashless», som tyder å ikkje ha stropper festa til korkje til selen eller handleddet. Denne type klatring vert ikkje anbefalt.

Sjå og endre

Kjelder endre