Isabelle Gulldén

svensk fotballspelar

Isabelle Therese Gulldén (fødd 29. juni 1989) er ein svensk handballspelar frå Partille kommun. Ho er i angrep aktiv i rolla som spelstyrar.

Isabelle Gulldén


Statsborgarskap Sverige
Fødd 29. juni 1989 (34 år)
Sävedalen
Idrett handball
Tok del i

Handball under Sommar-OL 2008 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2012 – Kvinner, Handball-EM 2016 for kvinner, Handball-EM 2018 for kvinner, Handball-EM 2020 for kvinner

Gulldén debuterte på det svenske landslaget i 2007 og utvikla seg til å verte ein av verdas fremste handballspelarar. Ho deltok i 224 landskampar og skåra 846 landslagsmål innan den 15. desember 2020. Høgdepunktet med Sveriges landslag var EM-finalen 2010, der Sverige fekk sølv. Fire år seinare sikra Gulldén og Sverige seg bronsen i Handball-EM 2014.

Åra 2011-22 var Gulldén aktiv i fire ulike toppklubbar i fire ulike land. I 2014 var ho med om å vinne EHF-pokalen for danske Viborg HK, medan ho i 2016 og 2022 triumferte i EHF-meisterligaen med høvesvis rumenske CSM Bucuresti og norske Våg/Vipers.

Kjelder endre