Opna hovudmenyen

Partille kommun

kommune i Västra Götaland len i Sverige

Partille kommune ligg i det svenske lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Västergötland. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Partille.

Partille kommun
kommune
Kommunhuset i Partille, den 28 juni 2006.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västra Götalands län
Landskap Västergötland
Areal 58,98 km²
 - land 56,83 km²
 - vatn 2,15 km²
Folketal 35 488[1] (2011)
Partille Municipality in Västra Götaland County.png
Wikimedia Commons: Partille

Kommunen grenser i vest og nord til Göteborgs kommun, i aust til Lerums kommun og i sør til Härryda kommun, og er hovudsakleg å rekne som ein forstadskommune til Gøteborg. Meir enn tre firepartar av dei yrkesaktive er dagpendlarar ut av kommunen, og flesteparten av dei har arbeidsplassen sin i Gøteborg.

SamferdsleEndra

Gjennom kommunen går i aust-vestleg lei både motorvegen Europaveg 20 på strekninga mellom Gøteborg og Stockholm og jarnbanelina Västra stambanan, som er den sterkt trafikkerte hovudjarnbanelina mellom Gøteborg og Stockholm.

KommunenamnetEndra

Namnet Partille kan truleg kome av mellomalderordet parthaella, som tyder «den kløyvde bergflata» eller «passet mellom berga».

 
Partille kyrkje med stopulen (det frittståande klokketårnet) som er avbilda i kommunevåpenet.
 
Vatnet Kåsjön i Partille er både drikkevasskjelda for kommunen og eit populært badevatn med sandstrand og stupetårn.

TettstaderEndra

Partille kommune har fire tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Partille 28 648
2. Öjersjö 2 739
3. Jonsered 928
4. Kåhög 825

KjelderEndra

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Vitja 7. januar 2012.

BakgrunnsstoffEndra