Isach Isachsen

norsk politikar

Isach Schjelbred Isachsen (fødd 27. august 1845) var ein skipsreiar og stortingsmann frå Stavanger. Han var med i partiet Høgre.

Isach Isachsen
Fødd27. august 1845
Død24. juli 1936 (90 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
EktefelleElise Bucher
Alle verv

Isachsen var son til ein kjøpmann. Åra 1854-61 gjekk han den lærde skulen i Stavanger, 1864-65 på ein handelsskule i Osnabrück. Dei neste åra arbeidde han på handelskontor, først to år i Manchester, og frå 1867 til -73 i heimbyen. Frå 1873 var han kompanjong i firamet Holdt & Isachsen i Stavanger, eit firma basert på skipsfart, det vere seg drift av eigne båtar, frakt og assuranse.

Isachsen var med i formannskapet i Stavanger 1885-89 og i bystyret 1889-96. Forlikskommissær frå 1889. Formann i tilsynsnemnda for Jærbanen frå 1896, samt styreformann i Egersunds Fajansefabrikk.

Isachsen representerte Stavanger og HaugesundStortinget periodane 1889-91 og 1895-97. I den første perioden var han medlem av protokollkomiteen, i den andre av jarnbanekomiteen.

Kjelde endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914