Isbrann
Isbrann er skade på planter - ofte gras - på dyrka mark. Isbrann oppstår om våren når vêret skiftar mellom mildvêr og frost. Det legg seg då eit islag over plantene, spesielt der det er søkk i jorda. Solljoset slepp gjennom isen og får plantene til å spira, samstundes som is og vatn hindrar lufttilførsel, slik at plantene vert kvelte[1]. Skader på grunn av isbrann kan reduserast ved drenering.