Isbrear på Heardøya
Isbrear dekte 79 prosent av Heardøya i 1947, som var 288 km2. I 1988 hadde dette falle 11 prosent til 257 km2.[1] Isbreane er underlagt Antartic Environmental Gradient, som dekkjer 30 breiddegrader og omfattar ei rekkje makroklimatiske soner frå kaldtempererte øyar til det iskalde og tørre Antarktis.[2] Isbreane strekkjer seg frå 2745 moh. til havnivået, og isen er opp til 150 meter djup. Den geologiske rørsla til isbreane kan vere rask sidan fjellsidene er bratte og nedbørsmengdene store, og dei er særleg sensitive mot klimasvingingar. Målingar mellom 1947 og 1980 synte at isbreane trekte seg attende, særleg på austsida, og dette hang saman med endringar i vêrmønstera.[3]
Brownbreen vart redusert med 29 % frå 1947 til 2003.[4] Vulkanen Big Ben, som alle breane flyt frå, har ikkje hatt noko endring i kor mykje geotermisk varme han slepp ut, så dette har ikkje vore årsaka til smeltinga.[4] Samstundes skjedde det ei oppvarming på 1 grad Celsius.[4]
Forskarar frå Australian Antarctic Division vitja vulkanøya i 2009 og observerte at breane hadde trekt seg attende 50 meter på tre år.[2]
Isbrear
endreIsbre | Dato for endring | Endringar |
---|---|---|
Baudissin | 1955 -> | Kontinuerleg tilbaketrekking [2] |
Vahsel | 1955 -> | Kontinuerleg tilbaketrekking.[2] |
Abbotsmith | 1947 -> | Relativt få endringar [2] |
Gotley | 1947 -> | Relativt få endringar [2] |
Winston | 1947–1963 | Mista kring 100 meter tjukkleik, som indikert av unge morener på sidene ved Winston Lagoon. Trekte seg attende 1,5 km. [2] |
Stephensonbreen | 1947–1963 | 18 meter høge isklipper ved kysten har forsvunne og breen endar no 100 meter inn på land[2] |
Brownbreen | 1947–1963; 2008 | Same tilbaketrekking som Stephensonbreen.[2]
|
Compton | 1947–1986 | Trekt seg attende 1600 meter[5] |
Jacka | 1955 -> | Kontinuerleg tilbaketrekking [2] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heard Island glaciers» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.antartica.gov.au/kring-antartica/australian-antarctic-magazine/issue-2-spring-2001/science/glasiologi/our-subantarktis-glaciers-why-are-they-retreating[daud lenkje]
- ↑ 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 arkivkopi, arkivert frå originalen 16. februar 2011, henta 27. desember 2013
- ↑ http://www.eoearth.org/article/Heard_Island_and_McDonald_Islands,_Australia#gen5
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 http://glacierchange.wordpress.com/2010/11/04/stephenson-glacier-retreat-heard-island/
- ↑ http://journals.cambridge.org/article_S0032247400007099, Ian F. Allison and Peter L. Keage (1986). Recent changes in glaciers of Heard Island. Polar Record, 23. s 255-272 (members-only link)