Ishockey-VM 1962

Verdsmeisterskapen i ishockey 1962 vart arrangert i byane Colorado Springs og Denver i delstaten Colorado i USA i tida frå 7. mars til 18. mars 1962. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest i innbyrdes oppgjer. Sverige vart verdsmeister etter å ha vunne alle sine sju kampar, framfor Canada på sølvplass og USA på bronseplassen. Noregs landslag vart nummer fem.

Kommunistlanda i Aust-Europa, dei såkalla autsblokklanda, boikotta meisterskapen då arrangørlandet USA nekta Aust-Tyskland å delta i meisterskapen. USA grunngav det med at Aust-Tyskland ikkje var ein suveren stat.

TabellEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sverige 7 7 0 0 67 - 10 14
2   Canada 7 6 0 1 58 - 12 12
3   USA 7 5 0 2 54 - 23 10
4   Finland 7 3 0 4 32 - 42 6
5   Noreg 7 3 0 4 32 - 54 6
6   Vest-Tyskland 7 2 0 5 27 - 36 4
7   Sveits 7 1 0 6 21 - 60 2
8   Storbritannia 7 1 0 6 19 - 73 2

Sveriges meisterlagEndra

Målvakter: Lennart Häggroth, Kjell Svensson
Forsvarar: Gert Blomé, Nils Johansson, Bertil Karlsson, Bert-Ola Nordlander, Roland Stoltz
Løparar: Acka Andersson, Leif Andersson, Per-Olof Härdin, Lars-Eric Lundvall, Eilert Määttä, Nils Nilsson, Ronald Pettersson, Ulf Sterner, Sven Johansson, Uno Öhrlund

KjelderEndra