Ishockey-VM 1991

Verdsmeisterskapen i ishockey 1991 vart arrangert i Turku, Tampere og Helsinki i Finland i tida frå 19. april til 4. mai 1991. Meisterskapen vart avvikla med innleiingsrunde der dei åtte deltakarlanda møttest til innbyrdes oppgjer. Dei fire beste laga i innleiingsrunda gjekk vidare til eit meisterspel der laga møttest på ny før medaljestriden var avgjort, alle laga starta då utan poeng. Dei fire laga med færrast poeng i innleiingsrunda tok derimot med seg alle poenga frå innleiingsrunda inn i eit nedrykksspel.

Sverige vann VM-pokalen, Canada tok sølv og Sovjetunionen bronse.

InnleiingsrundaEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sovjetunionen 7 6 1 0 41 - 16 13
2   Sverige 7 3 4 0 30 - 21 10
3   Canada 7 4 1 2 24 - 20 9
4   USA 7 3 2 2 23 - 28 8
5   Finland 7 3 1 2 22 - 15 7
6   Tsjekkoslovakia 7 3 0 4 19 - 19 6
7   Sveits 7 1 0 6 13 - 26 2
8   Tyskland 7 0 1 6 13 - 40 1

MeisterspeletEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sverige 3 2 1 0 13 - 8 5
2   Canada 3 1 2 0 15 - 10 4
3   Sovjetunionen 3 1 1 1 10 - 9 3
4   USA 7 0 0 3 12 - 23 0

Sverige sitt meisterlagEndra

Målvakter: Tommy Söderström, Peter Lindmark, Rolf Ridderwall
Forsvarar: Tomas Jonsson, Peter Andersson, Kjell Samuelsson, Calle Johansson, Nicklas Lidström, Kenneth Kennholt, Fredrik Stillman
Løparar: Jonas Bergqvist, Anders Carlsson, Per-Erik Eklund, Bengt-Åke Gustafsson, Håkan Loob, Johan Garpenlöv, Mikael Johansson, Mats Sundin, Thomas Rundqvist, Charles Berglund, Mats Näslund, Jan Viktorson, Patrik Erickson

NedrykkingsspeletEndra

Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
5   Finland 10 6 1 3 35 - 21 13
6   Tsjekkoslovakia 10 4 0 6 28 - 27 8
7   Sveits 10 2 1 7 22 - 38 5
8   Tyskland 10 0 2 8 19 -51 2

KjelderEndra