Verdsmeisterskapen i ishockey 1995 vart arrangert i Gävle og Stockholm i Sverige i tida frå 23. april til 7. mai 1995. Finland vart verdsmeister for aller fyrste gong, etter finalesiger over arrangørlandet Sverige. Bronsemedaljane tok Canada.

Meisterskapen vart avvikla gjennom gruppespel og påfylgjande utslagsspel. Dei 12 deltakarlanda var delt i to grupper à 6 lag. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagskampar basert på plasseringa i gruppespelet; kvartfinalar, semifinalar, bronsefinale og finale.

Finalen

endre

Finalen mellom Sverige og Finland fann stad i Globen i Stockholm. Ville Peltonen gav Finland leiinga etter vel 8 minutts spel. Litt før halvvegs i den andre perioden la same mann på til både 2-0 og 3-0. Tidleg i tredje periode auka lagkapteinen Timo Jutila til 4-0, før Jonas Bergqvist var frampå for Sverige og fastsette sluttresultatet til 1-4, fordel Finland.

Finland sitt meistermannskap

endre

Målvakter: Jarmo Myllys, Ari Sulander, Jukka Tammi
Forsvararar: Marko Kiprusoff, Petteri Nummelin, Erik Hämäläinen, Timo Jutila, Janne Niinimaa, Hannu Virta, Mika Strömberg
Løparar: Janne Ojanen, Esa Keskinen, Saku Koivu, Marko Palo, Raimo Helminen, Antti Törmänen, Ville Peltonen, Jere Lehtinen, Juha Ylönen, Sami Kapanen, Tero Lehterä, Mika Nieminen, Raimo Summanen

Canada sikra seg bronsemedaljane ved å vinne 4-1 over Tsjekkia.

Semifinalane

endre
  • Sverige – Canada 3-2 et
  • Finland – Tsjekkia 3-0

Kvartfinalane

endre
  • Sverige – Italia 7-0
  • Finland – Frankrike 5-0
  • Tsjekkia – Russland 2-0
  • Canada – USA 4-1

Nedrykk

endre

Dei to laga som enda sist i gruppene møttest til nedrykkskampar. Austerrike sigra med 4-0 og 4-4 mot Sveits.

Kjelder

endre