Verdsmeisterskapen i ishockey 1996 vart arrangert i Wien i Austerrike i tida frå 21. april til 5. mai 1996. Tsjekkia vart verdsmeister etter finalesiger over Canada. USA vann bronsekampen.

Meisterskapen vart avvikla gjennom gruppespel og påfylgjande utslagsspel. Dei 12 deltakarlanda var delt i to grupper à 6 lag. Dei fire beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til utslagskampar basert på plasseringa i gruppespelet; kvartfinalar, semifinalar, bronsefinale og finale.

Finalen

endre

Finalen mellom Tsjekkia og Canada fann stad i Wiener Stadthalle framfor 9 500 tilskodarar. Canada tok leiinga ved Steve Thomas før Robert Lang utlikna i fyrste halvdelen av fyrste periode. Dei same to spelarane skåra kvart sitt mål i den andre perioden, då i omvendt rekkefylgje. Stillinga 2-2 heldt seg til det stod att 19 sekundar av tredje periode, då sende Martin Procházka Tsjekkia framom med 3-2. Jiří Kučera fastsette resultatet til 4-2 seks sekundar før sluttsignalet lydde.

Tsjekkia sitt meistermannskap

endre

Målvakter: Roman Turek, Roman Cechmánek, Petr Franek
Forsvarar: Michal Sýkora, Drahomír Kadlec, Frantisek Kaberle, Antonín Stavjana, Stanislav Neckár, Jiří Veber, Jirí Vykoukal
Løparar: Radek Belohlav, Radek Bonk, Robert Reichel, Robert Lang, Otakar Vejvoda, Martin Procházka, David Výborný, Jirí Dopita, Jiří Kučera, Robert Kysela, Pavel Patera, Viktor Ujcík, Roman Meluzín

USA sikra seg bronsemedaljane ved å vinne 4-3 mot Russland etter lengd speletid.

Semifinalane

endre
  • Tsjekkia – USA 5-0
  • Canada – Russland 3-2 på straffeslag

Kvartfinalane

endre
  • USA – Sverige 3-2
  • Canada – Finland 3-1
  • Russland – Italia 5-2
  • Tsjekkia – Tyskland 6-1

Nedrykk

endre

Dei to laga som enda sist i gruppene møttest til nedrykkskampar. Frankrike sigra over Austerrike med to gongar 6-3.

Kjelder

endre