Verdsmeisterskapen i ishockey 1997 vart arrangert i Helsinki, Tampere og Turku i Finland i tida frå 26. april til 14. mai 1997. Canada vart verdsmeister, Sverige tok sølv og Tsjekkia bronse.

Meisterskapen vart avvikla med ein del endringar frå dei forrige VM-turneringane. Dei 12 deltakarlanda opna som før med gruppespel gjennomført med to grupper à 6 lag. Dei tre beste laga i kvar av gruppene gjekk så vidare til ei meistergruppe. Dei to beste laga etter meisterspelet møttest til sist i eit finalespel der vinnaren måtte vinne to finalekampar før laget vart kåra til verdsmeister. Lag nummer 3 og 4 i meisterspelet møttest til bronsefinale.

Laga på 4.-6. plass i gruppespelet møttest i nedrykksgruppa. Laget som enda sist i gruppa, Noreg med 1 poeng, rykte ned i B-pulja.

FinalekampaneEndra

Det vart spelt tre finalekampar i Hartwall Areena i Helsinki med opptil 13316 tilskodarar ti stades. Sverige vann den fyrste kampen 3-2. Canada sigra i den andre kampen med 3-1 og i den tredje og avgjerande med 2-1.

Canada sitt meistermannskapEndra

Målvakter: Sean Burke, Rick Tabaracci
Forsvarar: Bryan McCabe, Steve Chiasson, Rob Blake, Cory Cross, Don Sweeney, Joël Bouchard, Chris Pronger
Løparar: Chris Gratton, Jarome Iginla, Geoff Sanderson, Travis Green, Jeff Friesen, Rob Zamuner, Bob Errey, Mark Recchi, Dean Evason, Keith Primeau, Owen Nolan, Anson Carter, Shean Donovan

Tsjekkia sikra seg bronsemedaljane etter siger 4-3 mot Russland.

KjelderEndra