Ishockey-VM 1999
Verdsmeisterskapen i ishockey 1999 vart arrangert i Oslo, på Hamar og Lillehammer i Noreg i tida frå 1. til 16. mai 1999. Tsjekkia vart verdsmeister, Finland tok sølv og Sverige bronse.
Dei 16 deltakarlanda i meisterskapen opna med gruppespel i fire grupper à fire lag. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk så vidare til eit mellomspel med to grupper à fire lag. Nummer 1 og 2 i mellomspelgruppene møttest til semifinalekampar, laga best etter to oppgjer gjekk til finalespel. Finalespelet vart avvikla med to kampar mellom semifinalevinnarane.
Finalekampane
endreTsjekkia vann det fyrste finaleoppgjeret i Håkons Hall på Lillehammer med 3-1. Dagen etter stod det 4-1 til Finland då 60 minutts speletid var over. Dermed stod laga likt i kampsigrar, og det vart lengd speletid for å kåre ein verdsmeister. Fyrst etter 16.32 minutt kom den avgjerande skåringa då Tsjekkias Jan Hlavac utnytta ein finsk miss.
Tsjekkia sitt meistermannskap
endre- Målvakter: Roman Čechmánek, Milan Hnilička, Martin Prucek
- Forsvarar: František Kučera, Libor Prochazka, Jaroslav Spacek, Ladislav Benisek, František Kaberle, Pavel Kubina, Jiři Vykokal
- Løparar: David Voborny, Pavel Patera, Victor Ujcik, Petr Sykora, Radek Dvořak, Roman Meluzin, Martin Procházka, David Moracek, Tomas Vlasak, Martin Rucinsky, Jan Hlavac, Roman Simmicek, Tomas Kucharski, Jan Caloun,
Sverige sigra i bronsefinalen med 3-2 mot Canada.
Arrangørlandet Noreg enda på 12. plass.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Världsmästerskapet i ishockey för herrar 1999» frå Wikipedia på svensk, den 22. desember 2019.