Isopor er eit varemerke eigd av Brødr. Sunde[1] for eit plastmateriale av ekspandert polystyren (EPS). Materialet blir brukt til kassar og emballasje. I følgje Teknisk ukeblad brukar ein rundt 4 800 tonn EPS årleg i Noreg.[2] Mesteparten av dette er til teknisk emballasje for kvite- og brunevarar og VVS. Ca. 1700 tonn av det årlege forbruket går til fiskekassar.

Emballasje av isopor

EPS består av 98 % luft og er som oftast kvit på farge. Isopor smeltar når det kjem i kontakt med aceton, altså neglelakkfjernar.

KjelderEndra

  1. «Registrerte opplysninger om nasjonal varemerkeregistrering». Patentstyret. Arkivert frå originalen 2017-01-19. Henta 18. januar 2017. 
  2. «Returrekord for isopor - Tu.no» (norsk bokmål). Teknisk ukeblad. 20. november 2003. Henta 27. januar 2022.