Isotopisk sporstoff

Isotopiske sporstoff vert i kjemi og biokjemi brukt for å forstå reaksjonar og gjensidige påverknadar. I denne teknikken vert eit eller fleire atom av molekylet ein er interessert i bytta ut med eit atom av same kjemiske stoff, men med forskjellig isotop (ofte radioaktivt, slik som i radioaktive sporstoff). Fordi atomet har like mange proton, vil det kjemisk sett oppføre seg nesten heilt likt som andre atom i samansettinga, og med få unntak vil det ikkje forstyrre reaksjonen. Sidan atomet har forskjellig tal av nøytron, kan ein derimot finne tilbake til det eksakte atomet etter reaksjonen er ferdig.

Kjernemagnetisk resonans (KMR) brukar vanlegvis denne teknikken for å undersøke mekanismane i kjemiske reaksjonar (i hovudsak prøver ein å finne ut kor atomet hamnar etter reaksjonen).

I massespektrometri kan ein òg nytte denne teknikken, sidan massespekter med høg nok oppløysing kan skilje mellom dei forskjellige isotopane, basert på skilnaden i masse.

Autoradiografi av gelé i gelé elektroforese kan òg bruke denne framgongsmåten. Då vert radioaktive isotopar brukt. Strålinga som vert sendt ut frå samansettinga gjev mørkare farge på fotofilm, og ein kan samanlikne denne samansetinga med ein annan prøve frå geléen.

Sjå òg endre