Ivan Susanin (død i 1613) var ein russisk liveigen bonde kjend som folkehelt og martyr frå den store urotida. Ifølgje soga blei han brukt som guide av polske troppar som ville finna tsar Mikhail og drepa han. Susanin førte dei gjennom skogane, og både han og polakkane forsvann. Svigersonen hans hadde gått ein annan veg og fekk åtvara tsaren.

Ivan Susanin
Иван Сусанин

FøddDerevenki
DødIsupovskoje boloto
LandDet russiske tsardømet

I folkeminnet er Susanin blitt ein nasjonalhelt som redda både tsaren og riket hans. Han skal ha blitt torturert og drepen av polakkane. I 1838 blei det reist ei monument til Susanin i Kostroma.

Soga er skildra i operaene Ivan Susanin av Catterino Cavos og i den særs populære Livet for tsaren av Mikhail Glinka.

Det finst ikkje historiske prov på soga om Susanin, men svigersonen hans, Bogdan Sobinin frå Domnino nær Kostroma, fekk fleire gardar i løn av tsaren i 1619. Dokumentet nemner tsaren si takksemd til Ivan Susanin, som nekta å fortelja poalakkane kvar tsar-familien var. Seinare dokument frå 1641, 1691 og 1837 gjentek soga, og seier at han blei torturert til døde for nektinga si.

Kjelder endre