Livet for tsaren eller Ivan Susanin (russisk Жизнь за царя, Zhizn' za tsarja) er ein opera i fem akter med musikk av Mikhail Glinka. Librettoen som bygger på historiske hendingar blei skriven av Nestor Kukolnik, Jegor Rozen, Vladimir Sollogub og Vasilij Zjukovskij.

Livet for tsaren
OriginaltittelЖизнь за царя, Иван Сусанин, Жизнь за Царя
Sjangeropera
MusikkMikhail Glinka
Premiere27. november 1836
PremierestadBolshoi Kamenny Theatre
Fjodor Sjaljapin.[a] i hovudrolla som Ivan Susanin.

Bakgrunn

endre

Handlinga går føre seg mot slutten av den store urotida. Den russiske adelen har slutta kampane om tronfølgja som hadde vart i eit tiår, og gjennom ei nasjonal samling har dei lykkast å slå tilbake dei framande erobrarane frå Polen og Sverige. Folkeminnet har teke vare på namna på dei legendariske heltane frå denne tida tida. Den best kjende av dei var Ivan Susanin, ein enkel russisk bonde som lykkast redda den unge tsaren og førte ein heil polsk armé i døden mot å ofta sitt eige liv.[b] Soga om Susanin blei vekt til live tidleg på 1800-talet og blei teken opp i biletkunsten og i litteratur, og stod òg å finna på såvel operascena som i konsertsalen. I 1815 blei det urframført ein Ivan Susanin-opera av Catterino Cavos i Sankt Petersburg med stor suksess, og som for øvrig hadde ein lykkeleg slutt. Glinka blei ikkje inspirert av denne operaframsyninga (han var då bare elleve år gammal), men av ein ballade av Kondratij Rylejev, ein diktar frå dekabristrørsla, som med skikkelesne Susanin framheva den sjølvstendige rolla til det russiske folket. Den adelege Rylejev blei som leiar for opprøret den 14. desember 1825 dømd til døden av tsaren og avretta. Det er ein skjebneironien i den russiske historia at det episke diktet til Rylejev skulle danna kjernen til ein opera som kom til å oppførast under tittelen Livet for tsaren. Glinka var ikkje ein politisk komponist, og lojalitetet hans til tsarhoffet er ubestridd. På den andre sida blei han gjennom plassen sin i kunstnarkrinsen i Sankt Petersburg kjen med fleire leiande representantar for den misnøgde russisk intelligentisane som han stod veldig nær. Han let likevel kvardagspolitikken vera underordna den store ideen sin om ein nasjonalopera. På 1830-talet la politistaten til tsar Nikolaj I beslag på Susanin-temaet og stilte det i teneste for den offisielle statlege ideologien. Det fekk til og med ein ny aktualitet i og med at det polske opprører i 1830-31 blei slått ned. Nikolaj I og hoffet hans lét seg ikkje plaga mec det faktumet at det i 1612 hadde vore polakkane som hadde angripe Russland, medan det i 1830 var Russland som okkuperte Polen. I forgrunnen for tsaren og hoffet hans stod den uttalte moralen klar: den enkle russiske bonden er alltid klar til å ofra livet sitt for den guddommelege tsaren.

Historie

endre
 
Ei oppsetjing av Ivan Susanin[c] ved Bolsjojteateret i 1957.

Skapingsprosessen strekte seg over to år. Den opphavlege tittelen til verket var Ivan Susanin. Scenarioet skapte Glinka sjølv. Ved utforminga av teksta medverka fleire forfattar, fram til Jegor Rozen (sekretær til tsaren sin son) til slutt kompilerte den endelege versjonen. Denne sørga òg for at Susanin i stykket ikkje i altfor høg grad blei vist som ein ekta liveigen. Av den legendariske helten skapte Rozen ein ideell undersått: ein representativ mønsterbonde. Det er ikkje til å undra seg over at tsar Nikolaj I var vel tilfreds med operaen. Han var til stades ved prøvane, lét Glinka vitja han, helste han som ein god ven og forærte han etter oppføring ein verdifull ring. Allereie under prøvane endra Glinka tittelen til Livet for tsaren og tileigna operaen til tsaren.

Operaen blei urframført i Sankt Petersburg den 9. desember 1836 og var ein umiddelbar suksess. Han var lenge obligatorisk sesongopningsnummer ved dei russiske operahusa, og den første russiske operaen som fekk ein sjølvsagt plass på repertoaret. Han var òg ein av dei første russisk operaene som blei kjende utanlands.

Om operaen

endre

Glinka ville òg musikalsk karakterisera russarane og polakkane. Det russiske miljøet blei framstilt på mange måtar, medan dei polske soldatane og hoffolket derimot var kjenneteikna av enkle polske dansar (masurka, polonese og krakowiak). I sentrum for dramaet står polariseringa, òg musikalsk, mellom to fiendteige nasjonar, nett som i Musorgskij sin opera Boris Godunov.

Operaen er kjenneteikna av landsbyatmosfæren, dei folkelege karakterane, den gjennomarbeidde handlinga og den folkeleg inspirerte musikken (der element frå den russiske bondemusikken og populærmusikken i landsbyane blei samansmelta til ein einskapleg musikkstil), noko som seinare skulle bli karakteristisk òg for andre nasjonalromantiske komponistar i Sentral- og Aust-Europa (Beřich Smetana, Antonín Dvořák, Stanisław Moniuszko og Ferenc Erkel). Men det er ei svært idealisert framstilling: bondejenta Antonia ber ein verdifull nasjonaldrakt, trehuset til Susanin er så reint og nydeleg som i eit eventyr og hovudsakleg er alle dei russiske hovudpersonane tapre og heltemodige. Det manglar vondskapsfulle figurar. Motstandaren blir framstilt som eit kollektiv: fiendelandet.

Det kjende sluttkoret, 'Ære, ære til den russiske tsaren!', er blitt føreslege fleire gongar som russisk og sovjetisk nasjonalsong. Korsatsen er svært effektfull og med ein konsis enkelheit og klangfarge inspirert av den fleirstemmige russiske folkemusikken. Det musikalske temaet står for den imaginærae «heilage figuren» til tsaren, som er identisk med det russiske fedrelandet.

Russiske bassar

endre
 
Den første Ivan Susanin 1836, bassen Osip Petrov. Han hadde uvanleg djup bassrøyst med eit stort omfang. Han kunne utruleg nok syngja den låge B-en til kontrabassen, og den høgaste tonen hans låg på vesle giss.

Ivan Susanin-rolla var den fyrste av ei lange rekkje store russiske baseparti i operalitteraturen, blant dei dei mektige rollefigurane Boris Godunov (Mussorgskij), Dosifej og Ivan Tsjovanskij (i Tsjovansjtjsina av Musorgskij), fyrst Galitskij og Kontsjak khan (Fyrst Igor av Aleksandr Borodin), Ivan den grufulle (Jenta frå Pskov av Rimskij-Korsakov) og den gamle fyrsten Jurij av Store Kitezj (Legenda om den usynlege byen Kitezj av Rimskij-Korsakov). Desse heltane er vanlegvis eldre og er ofte fedrar. Men tyngda og auraen til rollene ligg ikkje for det meste i slekts- eller venskapsband, men meir i den sosiale og politiske stillinga, kallet eller karismaen deira. Deu russiske bassrollene er først og fremst reserverte, uvanlege figurar: bilde på tsaren, folkeleiarar eller nasjonalheltar. Farkjensla har berre underordna tyding. Dei heltemodige basspartia er uttrykk for den enorme sosiale interessa som russiske intellektuelle på 1800-talet viste for messianske tankar. Den sublime musikken speler òg på dette tilhøvet. Tonefallet i Ivan Susanin sin avskils- og dødsarie (akt IV) kjem igjen hjå seinare figurar, til dømes hjå fyrst Igon, Dosifej og fyrst Jurif av Store Kitezj. Dei store russisk basspartia fekk òg liv gjennom dei ikkje mindre store russiske bassongarane. Osip Petrov var den fyrste som spelte Susanin og den fyrste Ruslan (i Ruslan og Ludmila av Glinka). Tre tiår seinare song han Vaarlam-rolla ved uroppføringa av Boris Godunov. Til neste generasjon framståande basesongar høyrde Fjodor Stravinskij, som var far til Igor Stravinskij og hadde engasjement ved Mariinskijteateret i Sankt Petersburg. Han blei følgd av Fjodor Sjaljapin som blei internasjonal stjerne. Ein stor russisk bass i generasjonen etter Sjaljapin var Mark Reizen (1896-1995). Reizen, som blei nesten 100 år gammal, var frå 1930 engasjert ved Bolsjojteateret i Moskva og fortsette å syngja heilt inn på 1970-talet.

Personar

endre
  • Ivan Susanin, ein bonde (bass)
  • Antonida, dottera hans (sopran)
  • Bogdan Sobinin, trulova av Antonida (tenor)
  • Vanja, fostersonen til Susanin (alt)
  • Den polske hærføraren (baryton)
  • Den polske budberaren (tenor)
  • Russisk soldat (bass)
  • Russiske bønder, landvernarar, polsk hoffselskap, ryttarar (kor)

Handling

endre
 
Sovjetisk frimerke frå 1957 til minne om Glinka sin død hundre år tidlegare. Scene frå operaen.

Operaen føregår i ein russisk landsby med omgjevnader i 1613 og handlar om den historiske fedrelandshelten Ivan Susanin, som gav livet sitt i kampen mot de invaderande polske troppane og for den nyleg utropte tsaren Mikael I, den fyrste av ætta Romanov.

Akt I

I Dominin sluttar bøndene seg til landvernet for å forsvara fedrelandet mot inntrengarane. Antonida, dottera til bonden Susanin, drøymer om sin trulova Sobinin, som kjempar i det fjerne. Så lenge landet er uten herskar vil ikkje Ivan Susanin gje løyve til bryllaupet deira. Susanin oppfordrar folket til å gjera motstand. Russiske soldatar, blant dei òg Sobinin, kjem med gode nyheiter: Moskva er frigjort. Bojarane har lykkast eina seg om ein tsarkandidat: Mikhail Fjodorovitsj Romanov. No står ikkje noko i vegen for bryllaupet.

Akt II

I slottet til kong Sigismund feirar dei polske adelsmennene erobringane i Russland med festmåltid og dans. Ein bodberar fortel at russarane har teke tilbakr Moskva. Konge Sigismund sender ut ein tropp som skal oppspora og ta til fange den unge tsaren.

Akt III

Vanja, adoptivsonen til Susanin, vil slutta seg til dei russiske forsvararane og tena fedrelandet. Landsbybuarane helsar brudeparet Antonida og Sobinin. Susanin ber alle til bryllaupet. Då trenger plutseleg ein polsk tropp inn i huset til Susanin. Polakkane tvingar herren i huset til å føra dei til tsaren sin gøymestad. Susanin let som han går med på dette. Han lukkast å senda Vanja i smug for å åtvara tsaren. Deretter byrjar Susanin visa polakkane vegen. Når bryllaupsgjestene kjem finn dei berre den einsame og gråtande Antonida.

Akt IV

Sobinin legg i veg med kameratane sine for å redda Susanin. Vanja skundar seg til klosteret i nærleiken for å åtvara tsaren. Susanin leiar polakkane til ein vill skog med myrlendt mark. Når daggryet kjem forstår polakkane at Susanin har ført dei vill, og drep han, men døyr òg sjølve.

Epilog

I Moskva førebur ein seg til kroninga. I den jublande folkemassen er Antonida, Sobinin og Vanja. Dei sørgar over Ivan Susanin, og pratar om heltdåden hans. Folket hyllar den nye tsaren og det frigjorte Russland. Tsaren rosar Susanin som gav livet sitt for tsaren.

Merknadar

endre
  1. Rolla som Ivan Susanin blei avgjerande for Sjaljapin. 22 år gammal song han Susanin sin arie ved opptaket til Mariinskijteateret. Dagen etterpå, den 1. februar 1895, blei han engasjert ved operahuset til tsarhoffet.
  2. Den heltemodig lojala bonden sine ettekrkomarar blei alle innbodne til Romanov-kroningane fram til kroningen av tsjar Nikolaj II i 1896, og blei særskild hylla ved 300-årsjubileet til dynastiet i 1913. Montefiore, s. 58
  3. I stalintida blei teksten til operaen endra slik at han ikkje lenger forherliga tsarstyret, men det russiske folket, og operaen blei kalla Ivan Susanin i Sovjetunionen.

Kjelder

endre
  • Gammond, Peter: Opera-handbok, Wezäta, Göteborg 1982 (swe), s. [77]. ISBN 91-8507491-8. Libris 7745312. 
  • Montefiore, Simon Sebag: Romanov 1613-1918 Den sista tsardynastin, Norstedts, Stockholm 2016 (swe). ISBN 978-91-1-302393-9. 
  • Wenzel Andreasen, Mogens: Operans värld : ett lexikon över kompositörer, roller och innehåll i våra vanligaste operor, Rabén & Sjögren, Stockholm 1990 (swe), s. 73. ISBN 91-29-59233-X. Libris 7236411. 
  • Opera - Kompositörer, Verk, Uttolkare, Könneman, Köln 2000. ISBN 3-8290-5509-9. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Livet for tsaren
  • Hedwall, Lennart. «Den tidiga ryska operan : Glinka och Dargomyjskij». Musikrevy (Svedala : Musikrevy, 1946-1994) 1991 (46:5),: s. 263-265. ISSN 0027-4844, ISSN 0027-4844, ISSN 0027-4844, Libris 2225203