Ivan V av Russland
Ivan V Aleksejevitsj Romanov (6. september 1666–8. februar 1696) var felles tsar av Russland (i lag med den yngre halvbroren Peter I) som regjerte mellom 1682 og 1696. Han var den yngste sonen til Aleksej I av Russland og Maria Miloslavskaja. Styret hans var berre formelt, sidan han hadde alvorlege fysiske og psykiske funksjonshemmingar. Han sat stille i fleire timar om gongen.[1] og trong hjelp til å gå.
Ivan V av Russland | |||
| |||
Tsar av heile Russland | |||
Regjeringstid | 7. mai 1682 – 8. februar 1696 | ||
---|---|---|---|
Kroning | 25. juni 1682 | ||
Fullt namn | Ivan V Aleksejevitsj | ||
Russisk | Иван V Алексеевич | ||
Fødd | 6. september 1666 | ||
Fødestad | Moskva | ||
Død | 8. februar 1696 (29 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Gravstad | Erkeengelkatedralen | ||
Føregangar | Fjodor III | ||
Etterfølgjar | Peter I | ||
Gift med | Praskovja Saltykova | ||
Ektefelle | Praskovia Saltykova | ||
Dynasti | Romanov | ||
Far | Aleksej Mikhailovitsj | ||
Mor | Maria Miloslavskaja | ||
Born | Tsarevna Maria Ivanovna Tsarevna Feodosia Ivanovna Tsarevna Katarina Ivanovna Anna Tsarevna Praskovia Ivanovna |
Ivan V var det 11. barnet til tsar Aleksej. Sidan han var stygg å sjå til og svak vart makta hans utfordra av Narysjkinane, som ønskte at sonen til Natalia Narysjkina, Peter I, skulle ta over trona. Då Fjodor III av Russland døydde i april 1682, insinuerte fiendane deira at Narysjkinane hadde fått Ivan kvelt, og slik hisse til Moskvaopprøret i 1682, som først vart avslutta då Ivan vart synt fram for den rasande horden.
Ivan hadde eit særs nært forhold til stemora og halvbroren og medtsaren Peter. Han ønskte eigentleg ikkje å verte tsar, men vart overtalt til dette.
Den 25. juni same året vart Ivan og Peter krona i lag i Uspenskijkatedralen som «dvoetsarstvenniki» (dobbelttsarar). Ei spesiell trone med to seter vart lagd for høvet (i dag til utstilling i i Rustkammeret i Kreml. Sjølv om Ivan vart rekna som «den eldre tsaren», var det den eldre systera Sofia Aleksejevna som i røynda styrte for han. I 1689, då ho skjønte at ho var i ferd med å miste makta, prøvde ho å få i stand eit nytt opprør, og spekulerte i at Narysjkinane hadde øydelagd krona til Ivan og var klar til å setje rommet hans i brann. Men læremeisteren til Ivan, prins Prozorovskij, overtydde han til å skifte side og Ivan svor truskap til broren.
Det siste tiåret av livet hans var Ivan fullstendig overskugga av den meir handlingskraftige Peter I. Han oppheldt seg i lag med kona si, Praskovia Saltykova, og brydde seg om lite anna enn å «be og faste dag og natt». Sjølv om Ivan var svak, klarte han å få fram fem døtrer, mellom anna Anna Ivanovna som tok trona i 1730. 27 år gammal vart han av utanlandske ambassadørar skildra som senil, lam og nesten blind. Han døydde to år seinare i Erkeengelkatedralen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivan V of Russia» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Thompson, John. Russia and the Soviet Union: An Historical Introduction from the Kievan State to the Present. New Haven, CT; London: Westview Press, 2008 (paperback, ISBN 081334395X).