Ivanovo
Ivanovo (russisk Ива́ново) er ein by i Russland og det administrative senteret i Ivanovo oblast. I 2007 hadde han om lag 410 000 innbyggjarar.
Ivanovo Иваново | |||||
---|---|---|---|---|---|
Ivanovo i 2018 Foto: A. Savin
| |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Ivanovo oblast | ||||
Først nemnd i Bystatus |
1561 1871 | ||||
Borgarmeister | Aleksander Fomin | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
105 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
409 000 3 895,2 /km² | ||||
Koordinatar | 57°0′N 40°59′E / 57.000°N 40.983°E | ||||
Høgd over havet | 120 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 153000–153048 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)4932 | ||||
Bilnummer | 37 | ||||
Nettstad: ivgoradm.ru |
Ivanovo har tradisjonelt vorte kalla tekstilhovudstaden i Russland. Sidan dei fleste av tekstilarbeidarane har vore kvinner har han òg vorte kalla «Brudebyen». Den truleg mest kjende kvinnelege innbyggjaren i byen var den postmoderne franske forfattaren Nathalie Sarraute.
Her ligg Ivanovo Severnyj, som er ein av dei største militære luftbrubasane i Russland. Den sivile lufthamna ligg ved Ivanovo Juzjnyj lufthamn.
Ivanovo har fleire utdanningsinstitusjonar, som Ivanovo statlege universitet, Ivanonvo statlege universitet for kjemi og teknologi, Ivanovo medisnske akademi, Ivanovo arkitektakademi, Ivanov stalege kraftuniversitet (ISPU). ISPU er eit av dei eldste universiteta i byen og utdannar spesialistar innan sterkstraumteknikk.
Historie
endreIvanovo oppstod då den gamle linfabrikk-landsbyen Ivanovo (først nemnd i 1561) vart slått saman med industribyen Voznesenskij Posad i 1871. Fram til 1932 var det offisielle namnet Ivanovo-Voznesensk.
Tidleg på 1900-talet konkurrerte Ivanovo med Łódź (som òg var ein del av Det russiske riket på denne tida) om tittelen som det største tekstilsentret i Europa. Butilhøva for arbeidarane var særs dårlege og det var ofte streik. Ein av desse streikane førte til den russiske revolusjonen i 1905. I følgje Store Sovjetiske Leksikon var Ivanovo Sovjet (danna i mai 1905) ein av dei første sovjetane i historia, men dette er omstridd.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivanovo» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Store Sovjetiske Leksikon: artikkel Советы депутатов трудящихся - Sovjety deputatov trudjasjikhsja