Ivar Kvite var ein lendmann på Opplanda som levde i første halvdelen av 1000-talet.

Far til Håkon Ivarsson jarl endre

I Soga om Håkon Ivarsson[1] er dette fortalt om Ivar Kvite: Han hadde rike på Opplanda, han var lendmann og farsætta hans kom frå ei opplandsk lendmannsætt. Mor hans var Sigrid, dotter åt Håkon jarl den mektige. Ivar var gjævare enn andre menn, han var kvit både på hår og kropp, klok og vennesæl og rik på gods.

I Heimskringla, i soga om Harald Hardråde[2], er det sagt om lag det same, og der blir han skildra som den vakraste mannen som nokon kunne sjå.

Ivar Kvite er blitt kalla «Kong Olav den heilage sin lendmann på Opplanda». Men det finst ikkje historisk grunnlag for ei slik utsegn, i røynda var han truleg ein motstandar av kong Olav. Sidan han var i Danmark med kong Knut i 1026, må han truleg ha vore mellom dei stormennene som reiste frå landet og drog til kong Knut i England, etter at Olav Haraldsson i 1016 vart konge i Noreg.

Det er elles særs lite vi veit om Ivar Kvite, men sogene er sameinte om at han var far til den norske stormannen Håkon Ivarsson som vart jarl i Sverige og til sist kong Svein Estridsson sin jarl i Halland.

Drapet på Ulf jarl endre

I berre ein episode er Ivar Kvite omtala i sogene, frå den tida (om lag år 1026) då kongane Olav Haraldsson og Anund Jakob gjekk til åtak for å hærta Danmark. Han var då truleg med kong Knut den mektige og Håkon Eiriksson jarl då dei kom med ein hærstyrke frå England for å verje riket, det som enda med slaget ved Helgeå i Skåne. Det er noko uvisst kven som sigra i dette slaget, men i alle høve vart konsekvensen at dei to kongane gav opp åtaket på Danmark. Ulf Torgilsson jarl [Note 1] hadde ved dette høvet gitt ei viss grad av støtte til angriparane, sjølv om han til sist, på slutten av slaget tok kong Knut sitt parti. Kongen var likevel særs misnøgd med det som han tykte hadde vore eit svik, og han baud at Ulf skulle drepast.

Snorre dikta ei heil forteljing om denne hendinga, slik det var vanleg i norrøn historieskriving, og forteljinga har òg ei særs interessant side, då Snorre vov inn det som truleg er den første skildringa av eit sjakkspel[3] i den norrøne litteraturen. Dei var komne attende til Roskilde etter slaget, og kong Knut og Ulf jarl sette seg i lag for å spele eit parti sjakk. Då dei hadde halde på ei stund, gjorde kongen eit uheldig trekk og jarlen tok ein riddar (springar), men kongen tok att brikka og bad han gjere eit anna trekk. Snorre held fram:[4]

Jarlen vart sint og slo sjakk-bordet over ende og gjekk bort. «Flyr du no, Ulv redde!» sag kongen. Jarlen snudde seg i døra og sa: «Du hadde flydd lenger i Helga å, hadde du sloppe til. Du kalla meg ikkje Ulv redde, då eg la til og hjelpte deg, då sveane slo dykk som hundar.» Dermed gjekk jarlen ut og la seg til å sove, og straks etter gjekk kongen i seng.

Morgonen etter sa kong Knut til ein skosvein at han skulle drepe Ulf jarl, men sveinen unndrog seg oppdraget då jarlen hadde gått inn i Lucius-kyrkja, og Snorre sluttar av soga slik:

Det var ein mann som heitte Ivar Kvite, av norsk ætt. Kongen sa til Ivar: «Gå du og drep jarlen.» Ivar gjekk til kyrkja og inn i koret og stakk sverdet igjennom jarlen, og Ulv jarl lét livet straks. Då gjekk Ivar til kongen med det blodute sverdet. «Drap du jarlen?» sa kongen. «Ja, eg drap han,» svara han. «Det var rett,» sa kongen.

Mest truleg var forteljinga om sjakkspelet fri dikting, utan historisk grunnlag, men det er grunn til å tru at kjernen i episoden: drapet på Ulf jarl, verkeleg skjedde. Ulf jarl vart sjølvsagt ikkje drepen på grunn av usemja i sjakkspelet, men fordi han hadde sveke kong Knut.

Notar endre

  1. Ulf Torgilsson var jarl var son til Torgils Sprakalegg. Ulf var gift med Estrid Sveindsdotter (syster til kong Knut) og han var far til kong Svein Estridsson i Danmark.

Referansar endre

  1. Hákonar saga Ívarssonar av John Helgason og Jakob Benediktsson (København 1952)
  2. Soga om Harald Hardråde kap. 39 Om Ivar Kvite
  3. Sjakkhistorie
  4. Soga om Olav den Heilage kap.153