Opna hovudmenyen

Ivar Lauritz Lund Mauritz-Hansen (10. juli 189712. september 1972) var ein av pionerane i norsk teikneseriekunst. Han markerte seg som ein framståande reklameteiknar, avisteiknar, serieteiknar, og bokillustratør. Særleg vert han hugsa for teikneserien Nils og Blåmann, men skapte og den populære seriefiguren "Professor Tanke". Signaturen hans var ein enkel “M-”.

Ivar Mauritz-Hansen
Fødd 10. juli 1897
Død

1972

Yrke illustratør, teikneserieskapar

Liv og gjerningEndra

Mauritz-Hansen voks opp i Drøbak. Etter examen artium i Kristiania i 1917 studerte han ved Norges tekniske høgskole i Trondheim. Han avla arkitekteksamen i 1922. Arkitekt vart han ikkje, han byrja i staden som teiknar og illustratør. I 1924 vart han medlem av Tegnerforbundet, i 1927-28 var han formann i forbundet.

Åra 1922-27 teikna han for Oslo Aftenavis og Tidens Tegn. For den fyrste var han teaterteiknar, i den siste laga han mellom anna teikneseriar. I 1926 kom han i Tidens Tegn med serien Professor Tanke, ein serie som sidan kom ut i eigne album.

Teikneserien Nils og Blåmann kom fyrste gongen på trykk i Illustrert Familieblad i 1927. Dette vekebladet, som seinare skifta namn til "Illustrert", hadde denne serien gåande i 40 år. Serien, som heile tida var i fargar, vart teikna av Mauritz-Hansen fram til 1952. Då tok Christian Kittilsen over. Kompanjongen Sigurd Wisnes stod for teksta. Eigne julehefte med Nils og Blåmann kom i over 30 utgåver.

VerkEndra

Teikneseriar (eit utval)

  • Professor Tanke. En samling Tanke-streker, 1927 (opptrykt 1943, 1969, 1990)
  • Professor Tanke. 2. samling Tanke-streker, 1928 (opptrykt 1943)
  • Nils og Blåmann, årlege julehefte 1929–ca. 1965 (dei første hefta er opptrykte i 1990-åra)

Bokillustrasjonar (eit utval)

  • To på vidda. Skrevet av Tore og tegnet av Koll (sm.m. K. S. Hanssen), 1923
  • Per kommer stadig forsent paa skolen (sm.m. K. S. Hanssen), 1925 (ny utg. 1935)
  • H. Bergersen: Lesebok. Første skoleår (sm.m. A. Johnson og A. Tranheim), 1939 (10. opplag 1962)
  • H. Søreide: Opplæring i norsk. 4. klasse, 1939 (4. opplag 1960)

KjelderEndra

  • Norsk Biografisk Leksikon