Iver Unsgård

norsk politikar

Iver Johan Davidsson Unsgård (26. juni 190330. juni 1993) var ein norsk småbrukar, arbeidar og politikar frå Tydal i Sør-Trøndelag. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1958-69.

Iver Unsgård
Fødd 26. juni 1903
Tydal
Død

30. juni 1993
Tydal

Yrke politikar, bonde

Unsgård var son til ein gardbrukar og snikkar, og voks opp på småbruket Kirkhus i Tydal. Etter folkeskulen gjekk han skulevinteren 1923/24 på folkehøgskule. Han livnærte seg som anleggs- og skogsarbeidar, frå 1939 også som småbrukar.

Unsgård kom for alvor inn i arbeidarrørsla som styremedlem og seinare formann i Tydal AUF i 1920-åra. Arbeidarpartiet fekk auka oppslutnad i Tydal i åra etter fyrste verdskrigen, og etter valet i 1934 sat partiet med reint fleirtal i heradsstyret. Unsgård var så ordførar i Tydal 1935-37 og på ny 1948-58, heile tida med Arbeiderpartiet i fleirtalsposisjon.

Ved stortingsvalet hausten 1957 vart Unsgård vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag. Med attval i 1961 og 1965 vart han verande på tinget til hausten 1969. Han var medlem 1958-61 i Protokollkomitéen og frå hausten 1961 i Landbrukskomitéen til han i 1969 sa nei til renominasjon til Stortinget 1969-73.

Unsgård var formann 1959-63 i Landsrådet for viltstell, jakt og fangst, og 1968-74 styremedlem i Statens Kornforretning.

KjelderEndra