Opna hovudmenyen

Tydal kommune

kommune i Trøndelag

Tydal er ein fjellkommune i Trøndelag fylke. Høgste toppen i Tydal er Storsylen på 1762 moh. Kjente tydalingar er kombinertløparen Ola Morten Græsli, spelemannen Ole Bjarne Østby (trekkspel) og Niklas Dyrhaug (langrenn).

Tydal kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Ås
Areal 1 329 km²
 - land 1 221 km²
 - vatn 108 km²
Folketal 834 (1. januar 2018)
Folketettleik 1 / km²
Målform bokmål
Ordførar Ole Bjarne Østby (Sp)
Kommunenr. 5033
NO 5033 Tydal.svg
Wikimedia Commons: Tydal
Nettstad: www.tydal.kommune.no
Tydal kyrkje, opphavleg ei Y-kyrkje
Ramsjøhytta

Innhaldsliste

NæringslivEndra

Tydal er ein stor vasskraftkommune, noko som blir spegla av i dei stiliserte høgspentmastene i kommunevåpenet. Andre viktige næringsvegar er jordbruk, turisme, reindrift og offentleg forvaltning. I tillegg blir det produsert trapper på Tydal trappefabrikk (tilknytt Trapperingen) og det blir levert teknologiløysingar frå Aurotech.

HistorieEndra

Tydal vart eigen kommune i 1901. Pilegrimsleia Romboleia gjekk frå Sverige via Tydal til Trondheim. Den var kjent som Via montanarum eller fjellvegen. Leia er godt merkt og halden ved like. 3000 svenske soldatar (karolinarar) døydde i Tydalsfjella vinteren 1718/1719 under Armfeldts felttog, ein av dei største krigstragediane i Norden. Tydal Skytterlag er det eldste laget som er aktivt i dag; stifta i 1906.

KulturEndra

TusenårsstadEndra

Kommunens tusenårsstad er Brekka bygdetun. Bygdetunet ligg i kulturområdet Brekka Kistafoss og er eit eldre gardsanlegg. Det har ein sentral plass i kulturlivet i bygda og blir ofte bruka til kulturelle arrangement. Eit historisk friluftsteater om karolinaranes felttog i Tydal blir oppført kvart andre år i permanente kulissar her. Otto Homlung dramatiserer og regisserer karolinarspelet. Musikken er skrive av Henning Sommerro.

GeografiEndra

Sylan ligg i naturskjønne omgivnadar og er eit fint mål for dagsturar eller lengre turar. Høgaste topp er Storsylen på 1762 moh. Kjølifjellet (1288 moh.) er grensefjell mellom Tydal og Holtålen kommune. Via merka turløype til Ramsjøhytta kan ein koma seg inn i Skarvan og Roltdalen nasjonalpark.

Sjå auEndra

BakgrunnsstoffEndra