Jérôme Fernandez

Jérôme Fernandez (fødd 7. mars 1977) er ein fransk tidlegare handballspelar frå Cenon. Han er fem gongar verdsmeister, to gongar olympisk meister og tre gongar europameister med det franske landslaget. På klubbnivå har han vunne EHF-meisterligaen med FC Barcelona i 2005 og Ciudad Real i 2009. Han er også firfaldig spansk meister og to gongar fransk meister. Frå 1997 til 2015 deltok Fernandez i 390 landskampar for Frankrike. Med 1463 landslagsmål er han tidenes flittigaste målskyttar for Frankrike. Han gjorde sine beste kampar som venstre rykkromspelar.

Jérôme Fernandez


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 7. mars 1977 (46 år)
Cenon
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, offiser av Den nasjonale fortjenstorden

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.